Nettleige kraftverk

Innmating frå kraftverka vert avrekna med eit fastledd og eit energiledd. Sentralnettet er retningsgjevande for prisar og avrekningsgrunnlag for innmating. Forbruk vert avrekna etter same prinsipp som anna forbruk i kraftnettet.

Fakturering

Kraftverka vert fakturert for fastledd og energiledd samla kvar månad.

Fastledd

Statnett sin innmatingstariff er retningsgjevande ved avrekning av det faste leddet. Tariffen finn du i Statnett sitt tariffhefte, og i 2024 er denne 1,49 øre/kWh. Avrekna mengde er kraftverket sin middel årsproduksjon.

Energiledd

Energiledd vert avrekna som eit produkt av områdepris frå NordPool, tapssats og mengde innmating. Tapssatsar for kvart kraftverk vert berekna forskotsvis for kvar veke. På denne sida finn du link til tapssatsane.


Forrige
Forrige

Plusskunde

Neste
Neste

Nettleige regionalnett