Forbruksavgift for elektrisk kraft

Mørenett har ansvar for å krevje inn forbruksavgift for elektrisk kraft (elavgift) frå våre nettkundar på vegne av Skatteetaten.

Elavgifta vert såleis ein del av nettleiga.

Elavgifta vert kvart år fastsett av Stortinget. Dette er i hovudsak ei fiskal avgift, noko som betyr at formålet er å skaffe inntekt til staten. Men avgifta skal også bidra til redusert straumforbruk.

Avgiftsplikta oppstår ved levering av elektrisk kraft til forbruk.

 

Avgift gjeldande 2024 (eks. mva)

01.jan - 31.mar 1.apr - 31.des
Full avgift (øre/kWh) 9,51 16,44
Redusert avgift (øre/kWh) 0,580 0,580
 

Fritak eller redusert elavgift

Forbruk til produksjon av fjernvarme, industri- og bergverksproduksjon har krav på redusert avgift. Det same gjeld forbruk til datasenter med faktisk uttak over 0,5 MW. Det vert gjeve fritak frå elavgifta til produksjon i veksthus som har elektrisk varmeanlegg og til visse typer kraftintensive prosessar. Kraft levert direkte til sluttbrukar og som er produsert frå energigjenvinningsanlegg og mikrokraftverk under 100 kVA har også rett på fritak.

Du har sjølv ansvaret for å dokumentere dine rettigheiter

Som forbrukar har du sjølv ansvar ovanfor skatteetaten for å betale rett avgiftssats, og eventuelt dokumentere din rett til fritak eller redusert avgift. Dokumentasjonen sender du kvart år til ditt lokale nettselskap. Skjema til dette finn du på denne sida. Spørsmål rettar du til Skatteetaten, som forvaltar regelverket. Meir informasjon om regelverket om elavgifta finn du i Skatteetaten sitt årlege avgiftsrundskriv for elektrisk kraft.

Er du brukar av eit fellesabonnement utan sjølv å ha direkte abonnement med nettselskapet, har du same rettigheiter og plikter som andre. Dokumentasjon frå kvar brukar knytt opp mot eitt fellesabonnement skal signerast, og sendast inn samla til nettselskapet.

Meir informasjon om regelverket om elavgifta finn du i Skatteetaten sitt årlege avgiftsrundskriv for elektrisk kraft

 

Egenerklæring om rett til redusert / fritak av forbruksavgift

Retten til redusert avgift eller fritak må dokumenterast kvart år. kundar som vi har registrert med rett til redusert elavgift eller fritak får ved årsskifte tilsendt e-post med tilgang til digital innsending av eigenerklæring og naudsynt dokumentasjon.

Forrige
Forrige

HAN-port

Neste
Neste

Plusskunde