Korleis feilsøker eg om HAN modulen ikkje virkar?

For at HAN utgang skal fungere, må den vere “åpen”. Det må normalt vere eigen straumforsyning til alt utstyr som er tilkopla HAN porten. Du kan logge inn på Di Side og lese status for HAN-port 

 

Dersom status er “Åpen” og HAN modulen fortsatt ikkje virkar kan du prøve følgjande:

  1. Resett målar og HAN port ved ta hovudsikringa. Vent 2 minutt før du slår på att straumen 

  2. Les brukarveilledninga på utstyret du har kopla til HAN porten, og utfør eventuelle kontrollpunkt

  3. Det må normalt vere nytta ekstern hjelpespenning/straum til utstyret tilkopla HAN-porten 

  4. Vi kan sende deg ny HAN modul, som du enkelt kan bytte sjølv 

  5. Dersom du treng lokal service av vår målermontør, vert dette prisa etter vårt tariffhefte «Nettleige privat — Mørenett (morenett.no)» «Målarkontroll hos kunde»

 

Mørenett anbefaler sterkt at det vert nytta eigen straumforsyning til alt utstyr som er tilkopla HAN porten. Den straummengda som målaren kan levere direkte gjennom HAN, er avgrensa til å drive mindre radiosystem som berre sender svake signal over korte avstandar. Det er ikkje egna til for eksempel å sende mobildata der sendeforhald kan krevje høgare sendeeffekt.

For å kunne gje tilkopla utstyr hjelpespenning, kan etablering av eiga stikkontakt i sikringsskapet vere ei god løysing. Dette må du bestille med ein elektriker

På Di side kan du sjå HAN-port status for alle dine målarar

Forrige
Forrige

FAQ - kapasitetsbegrensninger i nettet på Sunnmøre, og informasjon om at det innføres krav om tilknytning med vilkår

Neste
Neste

Litt om nettleige